"Å leita etter det gode i barnet" : dilemma når lærevanskar møter kompetansemål
Abstract
Samandrag
I denne masteravhandlinga er temaet «dilemma som kan oppstå når barn med lærevanskar møter
kompetansemål og karaktervurdering i ungdomsskulen». I mitt arbeid har eg freista å få fram det
som kan opplevast som paradoksalt og problematisk i møtet med elevar som har krav på
spesialundervisning. Gjennom litteratur og i samtale med tre erfarne lærarar på ungdomstrinnet, har
eg prøvd å meisla ut ein tanke om at det avgjerande for god undervisning, er menneskesyn og
grunnhaldning hos den vaksne. Og ikkje minst; evna til å skapa ein pedagogisk relasjon.
Gjennom ein hermeneutisk prosess over tid, har eg prøvd å koma djupare inn i kjernen i det
pedagogiske samværet mellom barn og vaksne. Eg vil plassera studien min i europeisk, pedagogisk
tradisjonen, der relasjonen mellom barn og vaksen er berebjelken i pedagogikken. At den vaksne vil
det gode for barnet, er det som held oppe denne måten å tenkja oppdraging på. Denne tanken har eg
prøvd å finna støtte for i samtalar med lærarar og observasjon av spesialundervisning. I våre
samtalar har eg freista å utfordra lærarane til å seia noko om dilemmaet, konflikten i
spesialundervisninga sin natur. Alle dei tre lærarane erkjenner at det er ei vanskeleg oppgåve å
skulla forhalda seg til eit sentralt gjeve lærestoff i form av kompetansemål på den eine sida, og
elevar som ikkje har føresetnader for å nå desse måla, på den andre sida. Alle tre trekkjer fram
relasjonen mellom barn og vaksen, som avgjerande for dei mest sårbare elevane.
Utgangspunktet mitt var å finna ut kva og kven som påverkar planlegging og gjennomføring av
spesialundervisning i skulen. Slik eg ser det, har det utkrystallisert seg nokre moment, eller
«påverknadsagentar» som eg har valt å kalla dei. Lovverket er ein slik påverkar, og kanskje den
einaste som ikkje gjev rom for diskusjon. Dei andre påverkarane er dynamiske, i den forstand at dei
er opne for menneskeleg initiativ. I siste del av oppgåva har eg freista å visa at det mellommenneskelege,
relasjonen, er det som får innverknad på den opplevde kvardagen for barnet på
skulen. Det kan vera relasjonen mellom lærarane, mellom lærar og skuleleiing, mellom lærar og
foreldre, og det aller viktigaste; den pedagogiske relasjonen mellom elev og lærar. Eg vonar også at
lesaren vil oppleva at eg mot slutten viser kor vanskeleg skulekvardagen kan vera for enkelte av dei
mest sårbare elevane. Ein vurderingspraksis på ungdomstrinnet som i alt for stor grad er målrelatert,
gjer at dei ungdomane eg har skrive om, kan oppleva lågare meistringskjensle. Ein «mjukare»
praksis og større fokus på personleg utvikling og personlege føresetnader, ville fått desse elevane til
å seinka skuldrene. Meir fokus på læreprosessen i staden for rangering av resultat, ville ført til betre
læring for fleire. Kanskje ville også fleire elevar fått ei kjensle av at dei er verdfulle.