Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorNordheim, Kjell Olav
dc.date.accessioned2015-11-16T11:41:51Z
dc.date.available2015-11-16T11:41:51Z
dc.date.issued2015-11-16
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2360416
dc.description.abstractDenne masteroppgåva tek føre seg spørsmålet om kva teologisk grunngjeven rettleiing ein kan gi om praksisar knytt til kvile og kviledag til konfirmantar i Den norske kyrkja (Dnk) i dag. Føremålet med avhandlinga er å få auka innsikt i rolla kvile og kviledag kan ha innanfor ramma av ein luthersk-konfesjonell kontekst som Dnk i dag. Utgangspunktet mitt var eit ynskje om å lære meir om på kva måtar ei kristen oppfatning av kvile og kviledag kunne vera relevant for konfirmantane eg møtte, utover det som eg fann i den vesle katekismen. Ei rekke notidige teologar, fleire av dei knytt til det såkalla praksisparadigmet, har skrive om temaet kvile og kviledag. Avhandlinga sitt tyngdepunkt er først og fremst eit studium av desse teologane sine refleksjonar og argument. Denne delen utgjer det materielle tyngdepunktet i avhandlinga, men ikkje startpunktet. Oppgåva tek til og endar i ein gitt praksis-kontekst, der problemet både har blitt til og må løysast: På grunnlag av kva teologiske refleksjonar kan ein undervise konfirmantar i dag om kvile og kviledag, og kva praksisar kan knytast til kvile og kviledag? Med utgangspunkt i dette praktisk-teologiske problemet vert det gjennomført ein systematisk-teologisk refleksjon. Denne tek utgangspunkt i utvalde Luther-tekstar der kvile og kviledag vert tematiserte og reflektert over. Gjennom ein analyse av dette materialet vert det tydelegare kva spørsmålet om kviledag handlar om i ein luthersk kontekst. Denne analysen dannar bakgrunn for spørsmål som kan stillast i møte med dei nyare teologane sine tekstar. Med utgangspunkt i desse spørsmåla vert då teologane Bass, Moltmann, Dean og Foster samt Stone og Wolfteich sitt materiale analysert, drøfta og vurdert. Dei ulike kjeldene tilrår ulike praksisar. Anna var heller ikkje å forventa, all den tid dei har ulike oppfatningar av kva det er som truar kviledagen, og kva som vert trua av kviledagen sitt eventuelle fråvær. Luther er framfor alt oppteken av tilhøvet mellom Gud og menneske, og at mennesket har behov for å motta Guds frelse. Moltmann er oppteken av korleis skaparverket si framtid og Guds rike heng saman alt i dag, medan dei andre teologane i særleg grad er oppteken av den trusselen stress og prestasjonspress utgjer i samtida. Alle ser likevel til kviledagen med tanke på korleis dei ulike utfordringane skal møtast. Avhandlinga svarar derfor på kva argument dei moderne teologane nyttar for kviledagen som kristen praksis, kva konkrete praksisar dei meiner kan formidle kviledagen sitt innhald, og korleis dei argumenterer for desse praksisane. Vidare undersøker og drøfter avhandlinga korleis desse teologane oppfattar tilhøvet mellom kviledag som nåde, også kalla den indre kviledagen, og kviledagen som natur, også kalla den ytre kviledagen, og kva konsekvensar dei avleier av synspunkta sine. Avhandlinga konkluderer med konkrete framlegg til endringar som bør gjerast i konfirmantarbeidet, med omsyn til undervisninga sitt innhald, og praksisar konfirmantane vert oppmoda til å delta i. Det vert avslutningsvis også reflektert over kviledagen som kyrkjeleg ordning i vår tid, og utfordringar knytt til dette.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectkristendomskunnskapnb_NO
dc.subjecthviledagernb_NO
dc.subjectsøndagernb_NO
dc.titleKviledag som kristen praksis i lys av luthersk teologi : med henblikk på kyrkjeleg ungdomsarbeidnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000::Theology and religious science: 150nb_NO
dc.source.pagenumber156nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel