Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKydland, Daniel
dc.date.accessioned2022-06-23T08:56:55Z
dc.date.available2022-06-23T08:56:55Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3000199
dc.description.abstractMålet med dette prosjektet har vore å seie noko om korleis sekulariseringsteorien til den kanadiske filosofen Charles Taylor vert brukt av norske teologar. Etter ein gjennomgang av forskingsfronten kom eg fram til at det var praktisk å avgrense meg til to konkrete teologar/tekstar. Noko som la grunnlaget for problemstillinga: Korleis bruker Silje Kvamme Bjørndal (2015) og Halvard Johannessen (2017) Charles Taylors sekulariseringsteori i deira doktorgradsavhandlingar?Vidare viste eg korleis denne oppgåva metodisk har bestått av eit stykke hermeneutikk, tekstanalyse og tekstsamanlikning. Eg tok sidan føre meg nokre hovudtrekk i sekulariseringsteorien til Taylor, med fokus på Taylors (2007) A Secular Age. Sentralt var vekta han legg på at vilkåra for religiøse overtydingar i vesten er forandra. I hovuddelen tok eg føre meg kva Bjørndal (2015) og Johannessen (2017) bruker teorien til og som. Førstnemnde kom med Taylor i hende fram til at vår sekulære tid konstituerer tre ekklesiologiske utfordringar. Medan sistnemnde gjennom Taylor fortolkar eit kyrkjeleg dokument skrevet av Tore Laugerud (1999): Kirken i møte med den åndelige lengsel i vår tid: Betenkning til kirkemøtet i 1999 (KM99). Vidare tok eg føre meg kva måte Bjørndal (2015) og Johannessen (2017) anvender teorien til Taylor på, og kva dei får ut av det. Eg fann ut at Bjørndal startar med å drøfta Taylors framstilling og kritikk av fire lukka røyndomsstrukturar: Fire vanlege tankestrukturar i Vesten som undergrev gudstru, før ho i forlenginga av det kjem fram til tre ekklesiologiske utfordringar. Medan Johannessen fortolkar KM99 ved å teikne opp og anvende fleire av Taylors abstrakte omgrep. I analysen av Johannessen la eg særleg vekt på korleis han bruker Taylor til å seie noko om erkjenningsmessig sekularisering. Slik kom det fram at det idemessige innhaldet i desse Taylor-omgrepa både har nedslag i, men òg blir kritisert av, KM99. Til slutt samanlikna eg funna mine og trakk fram fleire likskapar og ulikskapar. Særleg interessant var det at begge hovudkjeldene mine ønskjer opne opp for religiøs tru i samtida, men med ulik strategi: Bjørndal (2015) opnar opp for det frå utsida så og seie, medan Johannessen (2017) bortimot gjer det frå innsida. Begge desse norske teologane viser i deira arbeid med det filosofiske bidraget til Taylor korleis han kan vere ein gagnleg samtalepartnar for kyrkja i ei sekulær tid, både med tanke på problemløysing og samtidsanalyse.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectkristendomskunnskapen_US
dc.subjectkirkenen_US
dc.subjectspiritualiteten_US
dc.subjectsekulariseringen_US
dc.subjectsekulariseringsteorieren_US
dc.subjectkanadiske filosoferen_US
dc.subjectnorske teologeren_US
dc.titleKyrkje og spiritualitet i ei sekulær tid : Charles Taylor brukt av norske teologaren_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Teologi og religionsvitenskap: 150en_US
dc.source.pagenumber75en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel