Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorStanghelle, Asgeir
dc.date.accessioned2010-01-14T14:28:22Z
dc.date.issued2010-01-14T14:28:22Z
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/171995
dc.description.abstractSamandrag, Masteroppgåve, Asgeir Stanghelle Kristendom/Teologi MK VI. Samandrag Oppgåva har har hatt som føremål å studera kristologien til Martin Chemnitz (1522-1586), i skriftet ”De duabus naturis in Christo” frå 1578. I oppgåva har ein arbeidd mest med ei engelsk omsetjing av skriftet, men med høve til å konsultera den latinske teksten i ei utgåve frå 1653. Oppgåveformuleringa har vore: ”Analyse av Chemnitz si lære om communicatio idiomatum i ”De duabus naturis in Christo”, med serleg vekt på grunngjevinga og forsvaret av genus majestaticum”. Dette tyder at måten Chemnitz skjønar omgrepa ”communicatio idiomatum” og ”genus majesticum”, og kvifor genus majestaticum er so viktig for han er det sentrale i oppgåva. Oppgåva ynskjer og å ha eit attersyn til serleg tilhøvet mellom Luther og Chemnitz, med omsyn til spørsmålet om kontinuitet og endring mellom dei. I arbeidet har ein funne at måten Chemnitz skjønar den hypostatiske unionen på, mellom anna ved hjelp av grunnregelen frå Athanasianum om at ein korkje skal blanda naturane saman eller skilja personen, og stikkordet ”perikjåræsis” som han har frå dei greske fedrane, er grunnlaget for korleis han skjønar omgrepa communicatio idiomatum og genus majestaticum. Genus majestaticum skjønar Chemnitz utifrå skriftstader som Kol 2,9; Matt 28,18, uttrykket ”Høgre Handa åt Gud”, Joh 17,5; Joh 6, 50-56;1 Joh 1,7. Desse skriftstadene tolkar Chemnitz slik at dei gjeld guddomelege eigenskapar, og ikkje berre skapte gåver, at det er menneskenaturen som tok imot desse eigenskapane, og at dette er mogleg utan samanblanding avdi den hypostatiske unionen er ei nær og intim sameining mellom naturane i Kristus, slik som til dømes glødande jern. Chemnitz jamfører tolkinga si med både fedrane og Luther, og det er rimeleg å seia at i sak har og Luther eit genus majestaticum. Både det konkrete uttrykket for menneskenaturen, til dømes Menneskesonen, og det abstrakte uttrykket for menneskenaturen, til dømes Jesu blod, har del i guddomelege eigenskapar, sjølv om dette gjeng imot og over dei naturlege eigenskapane i menneskenaturen, og tyder at det endelege kan bera det uendelege. Genus majestaticum er viktig for Chemnitz avdi det er ein del av heilskapen i det bibelske vitnemålet om Kristus, og difor ein del av grunnlaget for at mennesket kan verta frelst. I høve til drøftinga av eigenskapen ”allstadverande” legg Chemnitz vekt på Kristi nærver i kyrkja, det nærveret som har ein serleg lovnad knytt til seg, til dømes under nattverden og i dei kristne sin kvardag. I dette tonar han ned det generelle allstadverande, at Kristus utan vilkår er nær alle stader, som Luther såg på som ei klår fylgje av personeininga. Skilnaden mellom Luther og Chemnitz har likevel ei grense, og treng ikkje sjåast på som grunnleggjande. I oppgåva har serleg boka ”The second Martin The life and theology of Martin Chemnitz” av Jacob Preus, og artikkelen ”Majestas hominis Christi ”Wie hat Martin Chemnitz die Christologie Luthers gedeutet?” av Bengt Hägglund vore viktig i tillegg til hovedskriftet. Sumaren 09, NLA Høgskolen. Adresse Heien 14, 5037 Bergen.en
dc.format.extent592699 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.language.isonnoen
dc.subjectkristologien
dc.subjectjesusen
dc.subjectprotestantisken
dc.titleKristologien i "De duabus Naturis in Christo"- Chemnitz som arvtakar og nyvinnaren
dc.typeMaster thesisen
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000::Theology and religious science: 150::Theology: 151en


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel