Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorNordberg, Unni Helle
dc.date.accessioned2013-11-19T10:22:03Z
dc.date.available2013-11-19T10:22:03Z
dc.date.issued2013-11-19
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/172103
dc.description.abstractSamandrag Formål og problemstilling: Formålet med forskingsarbeidet er å undersøke om det er forskjell på skular som gjennomfører tiltak etter PALS-programmet og skular som har andre tilnærmingsmåtar til åtferdsvanskar i førebyggjande arbeid. Fokus er på tiltak for elevar som er i risiko for å utvikle åtferdsvanskar. Problemstillinga for undersøkinga er formulert i ei hovudproblemstilling med tre forskingsspørsmål eller delproblemstillingar som konkretiserer nokre sentrale område: Er det forskjell på PALS-skular og andre skular i forhold til å identifisere og støtte elevgrupper med risiko for å utvikle åtferdsvanskar? 1) I kva grad har skulane organiserte tiltak for elevar med risiko for å utvikle åtferdsvanskar? 2) I kva grad opplever lærarane at skuleorganisasjonen involverer seg i tiltaka? 3) I kva grad opplever lærarane at tiltaka hjelper elevene? Metode og kjelder: Datainnsamlinga er gjort ved hjelp av eit spørjeskjema frå tre skular av kvart slag og byggjer på lærarane si oppleving av tiltaka på sin skule. Spørjeskjemaet er utforma slik at dei fleste spørsmåla har faste graderte svaralternativ. Andre spørsmål har svaralternativ, men gjev opning for supplerande informasjon. For å få fram svar som gjev informasjon om lærarane sine refleksjonar rundt problemstillinga, er det nokre opne spørsmål på slutten av spørjeskjemaet. Svarprosenten er samla sett 72 prosent, fordelt på dei to skulekategoriane. Analysane er gjort i SPSS (Statistical Packages for Social Science). Resultat av analysane er hovudsakleg presentert i tabellar og skildra i tekst. Data til kvar av tabellane er henta frå fleire SPSS-analyser, og presentert slik for å gje ein meir samla framstilling. Hovudkonklusjoner: Svara i denne undersøkinga viser at det er lagt vekt på grunnlag for eit godt læringsmiljø både i PALS-skulane og dei andre skulane. Undersøkinga viser derimot forskjell mellom PALS-skular og andre skular på spørsmål om tidleg identifisering av risikofaktorar og oppfølging av eleven. Lærarane i PALS-skulane hevdar i større grad at dei har ein skuleorganisasjon som involverer seg og at dei har ein konkret og oversiktleg handlingsplan som er kjend blant personalet. Fleire lærarar på PALS-skular enn på skular utan PALS opplever at skulen klarer å fange opp elevar i risiko for å utvikle åtferdsvanskar og at tiltaka hjelper. Lærarar frå begge skulekategoriane ser ut til å oppleve forholdsvis høg grad av samarbeid med støtteapparatet rundt barnet. Samarbeidet er ulikt organisert, m.a. som forum for bekymringssaker. Svara gjev grunnlag for å reflektere over om forum for bekymringssaker er meir etablert på PALS-skular enn på skulane utan PALS. Vidare viser undersøkinga at kurs og rettleiing i forhold til åtferdsvanskar er vanlegare for lærarar på PALS-skulane enn på skulane utan PALS. Likevel ser vi i denne undersøkinga at lærarar ved skulane utan PALS skårar høgare på utbytte av kurs og rettleiing. Dei hevdar at opplæringa både har auka faginnsikt, gjeve praktiske løysingar og felles forståing i personalet. Variasjonen innanfor ein skulekategori kan i nokre høve vere interessant, men er ikkje vektlagt i stor grad fordi utvalet i undersøkinga er forholdsvis lite. Likevel er det hensiktsmessig å trekkje fram eit moment. Vurderinga av resultat frå dei ulike PALS-skulane peikar på utfordring med vedlikehald av kunnskap og kompetanse på den enkelte skule. Skular med stor utskifting av personale ser ut til å ha større utfordringar i kunnskapsformidling til ny-tilsette og dermed vedlikehald av intensjonar og praktisk gjennomføring. Både i forhold til opplæring av personalet, planarbeid og gjennomføring av tiltak har leiinga ved skulane ei viktig rolle. Undersøkinga viser at lærarane ved PALS-skulane opplever i større grad enn lærarane ved dei andre skulane at skulen som organisasjon involverer seg og at opplæringa er meir systematisert. Med dette utgangspunktet fortel undersøkinga at ved å implementere eit system eller program som gjer organisasjonen i stand til å fange opp faresignal og setje i verk tiltak, har leiinga eit deltakande forhold til arbeid med skulemiljø og barn med fare for å utvikle åtferdsvanskar.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.subjectpedagogikkno_NO
dc.subjectspesialpedagogikkno_NO
dc.subjectatferdsvanskerno_NO
dc.subjectproblematferdno_NO
dc.subjectforebyggelseno_NO
dc.subjectrisikoutsatteno_NO
dc.titlePALS - Positiv atferd og støttende læringsmiljø i skolen : førebyggjande for risikoutsette barn?no_NO
dc.typeMaster thesisno_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Education: 280no_NO
dc.source.pagenumber127no_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel