Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAskeland, Olaug
dc.date.accessioned2014-11-25T13:38:58Z
dc.date.available2014-11-25T13:38:58Z
dc.date.issued2014-11-25
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/226426
dc.description.abstractOppgåva omhandlar språkopplæring for vaksne innvandrarar med særleg fokus mot deltakarar med liten skulebakgrunn frå heimlandet. Språklæring er i dag framheva som eit viktig integreringspolitisk verkemiddel. Integrering som eit fleirtydig og verdilada omgrep med ulike tilnærmingar til graden av tilpassing mellom minoritetar og majoritet vert drøfta. Literacy, som eit komplekst og mangesidig kompetanseomgrep vert brukt som ein innfallsvinkel til språkopplæringa si rolle. Oppgåva vurderer særleg på kva måte kritisk literacy er viktig som del av språkopplærings- og integreringsprosessen for minoritetsspråklege vaksne med liten skulebakgrunn. Designet for oppgåva er kvalitativt og består av teori, litteraturstudie, og empirisk intervjumateriale frå 10 lærarar ved fire store og tre mindre vaksenopplæringssenter i Sør- Noreg. Intervjua har ei semistrukturert form med fokus på lærarane sine erfaringar og forståingar av arbeidet i språkopplæringa. Kritisk pedagogikk og hermeneutikk blir brukt som teoretisk tilnærming til oppgåva sitt tema og problemstilling. Den teoretiske tilnærminga og empiriske undersøkinga i oppgåva understrekar vaksenopplæringa som ein viktig møte- og lærestad i eit fleirkulturelt samfunn. Undersøkinga viser varierande fokus hos informantane med omsyn til vektlegging av ferdigheitsopplæring i kombinasjon med ei kulturell og kritisk reflekterande undervisningstilnærming. Det å ha eit vaksenpedagogisk perspektiv, der det vert lagt til rette for anerkjenning og verdsetjing av deltakarane sin identitet vert understreka, samt at ei ferdigheitsundervisning også må opne for det kritisk reflekterande perspektivet. Ei språkundervisning som arbeider for dialog og felles forståing omkring kompleksiteten og moglegheitene i dei fleirkulturelle møta, kan gi bidrag i arbeidet med å fremme integregreringsprosessar, støtta det globale medvitet og opne for ein fleirkulturell dialog. Denne kompetansen og dette medvitet bør styrkjast på alle nivå, noko som også er påpeika i sentrale overordna målsettingar nasjonalt og internasjonalt. Tilpassa undervisning, meir deltakarstyring og demokratisk tilrettelegging og fokus på ei kritisk reflekterande undervisning, kan styrkja vaksenopplæringa som ein vaksenpedagogisk og fleirkulturell institusjon.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectpedagogikknb_NO
dc.subjectspesialpedagogikknb_NO
dc.subjectminoriteternb_NO
dc.subjectminoritetssprråkligenb_NO
dc.subjectvoksnenb_NO
dc.subjectvoksenopplæringnb_NO
dc.subjectspråklæringnb_NO
dc.titleLiteracy og integrering : språkopplæring for minoritetsspråklege vaksne med liten skulebakgrunn i lys av kritisk pedagogikknb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Education: 280nb_NO
dc.source.pagenumber105nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel