"Dei slit jo litt med språket, men det går greitt på kjøkenet" : mat- og helselærarar og -studentar si forståing av arbeidet med inkludering av alla elevar i faget i den fleirkulturelle skulen
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2487937Utgivelsesdato
2017Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Formålet med oppgåva er å setje søkelys på mat og helse som eit viktig fag i skulen, samt bidra med kunnskap om korleis mat og helselærarar og lærarstudentar arbeider med inkludering av alle elevar i den fleirkulturelle skulen.
Utgangspunktet til denne oppgåva er at eg vil auke mi fleirkulturelle kompetanse, og undersøkje korleis ein kan bidra til meir inkludering av alle elevar i skulen. NOU 2011:14 stadfestar at det er forskjellar mellom minoritetsspråklege elevar og andre elvar i grunnskulen sine føresetnader i og utbytte av undervisninga (2011, s. 174). Mat, kultur og identitet tett knytt saman, og elevane skal via faget mat og helse, få kunnskap om og respekt for mat i ulike kulturar og tradisjonar (Saabye, 2012, s. 83). Etter å ha studert mat og helse har eg vorte oppteken av fagets relevans for å skape forståing for ulik kulturell tilhørighet og identitet (Flornes, 2014, s. 206), og ettersom det er ei manglande anerkjennelse av kva hensikta med inkludering er i den mangfaldige skulen (Brossard Børhaug og Magnus Reindal, 2016), ville eg undersøkje korleis lærarar og studentar i mat og helsefaget forstår arbeidet med å inkludere alle elevar. Eg er oppteken av å belyse inkludering av alle elevar, men vil vektlegge inkludering i den fleirkulturelle skulen, fordi å inkludere det kulturelle og religiøse mangfaldet til elevane er omtala i formålet til faget og er ein viktig del av kompetansemåla i mat og helse (Saabye, 2012, s. 83)
Tittelen for mi masteravhandling er:
«Dei slit jo litt med språket, men det går greitt på kjøkenet» Mat og helselærarar og -studentar si forståing av arbeidet med inkludering av alle elevar i faget i den fleirkulturelle skulen.
Utifrå mi forståing gjenspeglar «Dei slit jo litt med språket, men det går greitt på kjøkenet» mat og helselærarane sine utsagn om inkludering i faget. Samstundes fortel tittelen at oppgåva vil presentere lærarar og lærarstudentar si forståing av arbeidet med inkludering i mat og helsefaget i den fleirkulturelle skulen.
Eg har valt ei kvalitativ metodisk tilnærming der eg i hovudsak har nytta fokusgruppeintervju, men og gjennomført eit individuelt intervju. Informantane vart intervjua ved opningsspørsmål, før dei diskuterte ei case om inkludering i faget.
Eg kom fram til følgjande hovudkonklusjonar:
Mat og helse er eit fag som har lågt timetal og låg status som fag i skulen. Likevel opplevas faget som viktig, både for elevanes motivasjon og mestring. Utifrå Kunnskapsløftet er faget konstruert slik at det kan ivareta elevanes ulike kulturelle og religiøse tilhørighet, men dette vert i praksis praktisert ulikt, avhengig av lærarane si forståing av arbeidet med inkludering. Mat og helse er eit fag som kan bidra til meir integrerande inkludering ved å inkludere den enkelte elev, og tilby ei opplæring som er identitetsbekreftande og perspektivutvidande for alle elevane.