Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorNygjerde, Kirsti Antonett
dc.date.accessioned2018-09-18T10:13:02Z
dc.date.available2018-09-18T10:13:02Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2563139
dc.description.abstractI dagens moderne samfunn har familiens rolle og posisjon endra seg markant. Barnehagen har fått ein sentral plass i familien, der nærare 80% av landets eittåringar går i barnehage. Den politiske semja omkring barnehagen som ein viktig omsorgs- og læringsarena, samt den politiske målsetnaden om full barnehagedekning, har ført til at fleire små går i barnehagen (NOU 2012b: 18; Meld. St. 24 2013: 8). Likevel er det nokon foreldre som vel annleis enn majoriteten, der dei vel å vere heime med barnet sitt etter endt fødselspermisjon, framfor tidleg barnehagestart. Dette fordi dei meiner det er til det beste for sitt barn. I ei tid der fagkunnskap og profesjonell omsorg står sterkt, er eg interessert i foreldres tankar om si eiga rolla som omsorgsutøvar og oppsedar, og då frå foreldre som vel annleis enn majoriteten. Føremålet med denne studien er difor å rette fokuset mot heimearbeidande foreldres tankar, meiningar og erfaringar om omsorg og oppseding, i håp om eit djupare innblikk i foreldres eigen omsorgs- og oppsedingspraksis for sine barn. Med utgangspunkt i den kontinentale pedagogiske tradisjon, rettar eg merksemda mot dei fundamentale kvalitetane ein kan finne i relasjonen mellom foreldre og barn. Forskningsspørsmålet for avhandlinga vert utdjupa gjennom kvalitative intervju med fem heimearbeidande mødre, der kvar og ein av dei har teke eit bevisst val om å vere heime med sine barn. Det innhenta datamaterialet har saman med den teoretiske tilnærminga danna grunnlaget i besvaringa av forskningsspørsmålet. Den teoretiske tilnærminga byggjer i hovudsak på teorier av Max van Manen, men Klaus Mollenhauer og Tone Sævi har også ein sentral plass. Utifrå mødrenes tankar, meiningar og erfaringar, har eg fått innblikk i korleis dei ser seg sjølv i rolla som omsorg- og oppsedingsansvarleg. På same tid har eg fått innblikk i korleis det er å vere heimearbeidande i ei tid der barnehageomsorg står sterkt. Hovudessensen i avhandlinga er at mødrene, som viktigaste omsorgsgivar i barnets liv, ynskjer å vise både barnet og omverda at dei verdset den tida dei har saman med barnet, og då som viktigare enn noko anna. Dei ulike samtalane viser at valet om å vere heime er teken ut frå eit verdimessig grunnlag, basert på kjærleiken og bekymringa mødrene har for barnet sitt. Mødrene vektlegg den naturlege morsrolla og ynskjet om å ta del i barnets omsorg og utvikling, der dei meiner dei sjølv kan gjere ein betre jobb i oppgåva. Mors behov for å tryggje, fylgje opp og rettleie barnet, er i dei fyrste åra av barnets liv sterkare enn behovet for å gå tilbake i jobb eller studier. Mødrene viser både ein årvaken og reflekterande holdning i eigne tankar omkring barns emosjonelle, sosiale og faglege behov, der dei ser tryggleik og utvikling som ein kontinuerleg prosess i relasjonen. Der tidlegare forskning kan gi ein antydning om at heimearbeidande foreldre har eit større fokus på barns emosjonelle behov framfor sosiale og faglege (Stefansen & Farstad 2007: 2008; Stefansen 2008; Seeberg 2010), viser mødrenes tankar om omsorg og oppseding at pedagogisering og fokus på læring ikkje er utelatt i familiar der mor er heimearbeidande. Også desse foreldra er opptekne av utvikling og læring, men kanskje ikkje berre som eigne pedagogisk, tilrettelagde aktivitetar, men også gjennom kvardagslege gjeremål som viser barnet korleis dagen er.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectpedagogikknb_NO
dc.subjecthjemmearbeidendenb_NO
dc.subjectmødrenb_NO
dc.subjectoppfostringnb_NO
dc.subjectoppdragelsenb_NO
dc.subjectbarneoppdragelsenb_NO
dc.title"Det er heilt klart vi er motstraums" : ein kvalitativ studie om heimearbeidande foreldres omsorg og oppseding for sine barnnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280nb_NO
dc.source.pagenumber112nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel