Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRevne, Reidun
dc.date.accessioned2019-10-16T12:10:32Z
dc.date.available2019-10-16T12:10:32Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2622563
dc.description.abstractBakgrunn for oppgåva Med denne oppgåva har eg hatt eit ynskje om å sjå på korleis lærarar samhandlar med elevane sine i skulekvardagen og korleis dei bygger relasjonar i praksis. Eg ynskjer og å høyre kva lærarane som deltek i dette prosjektet tenker om relasjonsbygging, særleg der det er utfordrande å få på plass og halde på ein god relasjon. Eg vil sjå på korleis læraren opplever relasjonen med elevane og undersøke om dei har bevisste strategiar for korleis dei kan bygge relasjonar til elevane sine. Eg ynskjer og å sjå på om det er noko som vert opplevd som utfordrande, og korleis lærarane maktar å stå i utfordrande situasjonar over tid. Funna som vert gjort frå observasjonsperioden og intervjua vil bli knytt opp mot relevant teori og andre forskingsresultat innan relasjonsbygging, klasseleiing og åtferdsvanskar i skulen. Tema som vert trekt fram er utfordrande åtferd, klasseleiing og foreldresamarbeid, det å bygge relasjonar og det å stå i yrket over tid. Utgangspunktet til dette prosjektet er problemstillinga: Korleis tenker lærarar på mellomtrinnet om relasjonsbygging mellom lærar og elev, og korleis kjem dette til uttrykk i skulekvardagen? Metode og datainnsamling I dette prosjektet har eg nytta kvalitative forskingsmetodar og støtta meg til stegvis-deduktiv induktiv metode (SDI) i arbeid med det innsamla materialet. Eg har intervjua fire lærarar på mellomtrinnet, samt gjennomført ein to veker lang observasjonsperiode i ein 6. klasse. Alle deltakarane i prosjektet har arbeidd med elevgrupper der det har vore utfordrande åtferd. Eg har nytta etablert teori og forsking i analyse og drøftingsarbeidet med det innsamla materialet, og freista å få så gode og etterrettelege resultat som mogeleg. Teori I dette prosjektet har eg nytta faglitteratur og forsking innan relasjonsteori, utfordrande åtferd, klasseleiing og foreldresamarbeid. Eg viser og til lovverk og statlege undersøkingar så som opplæringslova og elevundersøkinga. Resultat Hovudfunna mine i denne oppgåva viser at lærarane som har delteke har ei vaken haldning til relasjonsbygging i skulen. Dei viser at dei er bevisst si eiga rolle og kor avgjerande deira del av relasjonen er for om den er vellukka eller ikkje. Dei har alle opplevd både at relasjonar er gode og at det ikkje alltid er like lett, og fleire har snakka om korleis det kan slita på ein som person å stå i utfordrande relasjonar over tid. Kvaliteten på relasjonane med elevane vert og trekt fram som ein grunn for å bli verande i yrket.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectpedagogikknb_NO
dc.subjectspesialpedagogikknb_NO
dc.subjectlærer-elev relasjon
dc.subjectatferdsvansker
dc.subjectklasseledelse
dc.subjectforeldresamarbeid
dc.titleRelasjonsbygging i praksis og tanke : eit lærarperspektivnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280nb_NO
dc.source.pagenumber107nb_NO
cristin.fulltext


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel