Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorStadheim, Solveig
dc.date.accessioned2015-02-25T14:03:31Z
dc.date.available2015-02-25T14:03:31Z
dc.date.issued2015-02-25
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/277758
dc.description.abstractMaurice Merleau- Ponty sin filosofi har kroppen i sentrum for all utvikling og sansing. Kroppen er personlegdomen sitt subjekt og det er gjennom kroppen vissheita tek form. Han er den fyrste innan fenomenologien som gir kroppen forrang og byrjar med den. Merleau- Ponty legg vekt på at ein som menneske har ei hensikt med det ein gjer. Kroppen er alltid retta mot noko. Gjennom erfaring, meiningssøking, refleksjon, handling og ved å overskrida seg sjølv, er ein både objekt og subjekt samstundes. Kroppen er slik den vert opplevd av den enkelte. I dette litteraturstudiet tek eg utgangspunkt i Merleau- Ponty sitt syn på kroppen og kva motorisk aktivitet kan ha å seie for læring og utvikling hjå 5- 6 år gamle born med nedsett syn i den norske barnehagen. Utfordringane eit barn med nedsett syn har i forhold til å vera fysisk aktiv, treng ikkje stoppa ein aktiv barndom. For å kunne tilrettelegga for ei heilskapleg utvikling, er det viktig at ein har fagkunnskap om den enkelte synshemminga. Gir ein born med svekka syn tilstrekkelege utfordringar? Born med nedsett syn, tek inn fleire signal gjennom den auditive kanalen, i forhold til jamnaldrande sjåande born. Dei kan òg ha eit anna kroppsspråk enn sjåande og bruker kroppen sin annleis, ut frå erfaringane sine. Pga begrensa syn vil dei fleste ha begrensa motoriske erfaringar, då dei sjølv tek relativt få motoriske initiativ, utan vaksenstøtte. Dei treng tryggleik og støtte til å bruke kroppen aktivt saman med andre born, slik at dei får ei aktiv og meiningsfull rolle i sin eigen kvardag. Bruk av både ute og innerommet er ein del av eit førskulebarn sin kvardag i den norske barnehagen. Korleis det vert tilrettelagt ut frå Rammeplan for barnehagen og lokale forhold, samt det enkelte barnet sine føresetnader er sentralt. Bruk av rom påverkar kva erfaringar ein får og kva ein sjølv tek initiativ til og føler at ein meistrar. Rørsle i rommet er ein avgjerande faktor i forhold til ein meingsfull kvardag der ein sjølv kan ta val og påverke. Erfaring, handling, initiativ og læring vert i denne oppgåva sett på som noko som fremjar ei heilskapleg utvikling gjennom å vera motorisk aktiv. Korleis ein lærer og syn på læring vert tatt opp. Kroppen og korleis sansar og kjensler i kroppen gir sjølvkjensle og motivasjon til vidare refleksjon og utprøving, er noko som vert drøfta i lys av kroppen sin fenomenologi. Den profesjonelle vaksenrolla i barnehagen vert drøfta i lys av Merleau- Ponty sine tankar om kroppen. Vaksne som skal ivareta born med svekka syn, treng å vera observante, fagleg dyktige og aktive gjennom eigen kropp. For å tilrettelegge miljø ut frå borna sine premissar, gjennom bruk av alle sansar, må ein som vaksen vere klar over si rolle som motivator og pådrivar. Ein må sjølv reflektere over si eiga rolle og vere vàr for borna sine kroppslege signal. Forventningane ein stiller til ein med svekka syn, må vera realistiske og store nok i forhold til meistring og utvikling for den enkelte. Å vera observant i fohold til når ein skal støtte og hjelpe og når barnet meistrar sjølv er naudsynt. Avslutningsvis forsøker eg å oppsummere og poengtere kor viktig motorisk aktivitet er i forhold til ei heilskapleg utvikling. Å få vera fysisk aktiv, trass i ei funksjonshemming som nedsett syn kan vera, gir ringverknader langt uotver her og no. Å kjenna meistring over eigen kropp er for ein med ein liten sysnsrest, viktig sett i lys av livslang læring og å meistra eige liv og klara seg sjølv. Samstundes vert det trekt opp linjer til menneskesyn, samfunnet og utdanningsinstitusjonar, i forhold til korleis det påverkar kvardagen til born med nedsett syn. Forskning på området førskuleborn med svekka syn kontra motorisk aktivitet er det lite av, noko som gjer behovet for ei slik type forsking aktuell å setje søkelyset på.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectpedagogikknb_NO
dc.subjectspesialpedagogikknb_NO
dc.subjectsynshemmingnb_NO
dc.subjectsynshemmedenb_NO
dc.subjectmotorikknb_NO
dc.subjectmestringnb_NO
dc.subjectbarnehagebarnnb_NO
dc.subjectbarnehagernb_NO
dc.title"Å sjå gjennom rørsle" : Kva positive verknader kan motorisk meistring ha for ei heilskapleg utvikling hjå barnehageborn med svekka syn i alderen 5-6 år? Korleis kan bevisst tenking rundt vaksenrolla og bruk av rommet, bidra til erfaring, handling, initiativ og læring hjå born med svekka syn?nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Education: 280nb_NO
dc.source.pagenumber108nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel