Asymmetri i den pedagogiske relasjonen : uttrykk, dilemma og konsekvensar
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/172081Utgivelsesdato
2013-11-07Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Samandrag
I denne masteravhandlinga er temaet ”Asymmetri i den pedagogiske relasjonen”. I studien min freister eg å vise korleis fenomenet asymmetri kjem til uttrykk gjennom eit utval lærarar sine refleksjonar. Uttrykk som finst i litteratur kjem også fram. Forskningsspørsmålet mitt er som fylgjer: Kva er asymmetri i den pedagogiske relasjonen, og korleis kjem denne kvaliteten ved relasjonen til uttrykk gjennom eit utval lærarar sin refleksjon over opplevingar i sin lærarpraksis?
Forskningsspørsmålet har eg prøvd å ta tak i gjennom å nytte ei hermeneutisk fenomenologisk tilnærming. Eg har plassert meg og arbeidet mitt i den Kontinentale pedagogiske tradisjonen, der oppseding av borna er overordna undervisninga, og relasjonen mellom lærar og elev er utgangspunktet for pedagogisk tenkning og praksis. Denne tradisjonen tek utgangspunkt i ein relasjonell pedagogisk praksis som inkluderer og har fokus på oppseding av heile barnet.
Mellom vaksne og born finn ein ulikheiter på mange plan. Korleis læraren eller vaksenpersonen vel å forholde seg til faktiske ulikheiter, avgjer korleis den asymmetriske relasjonen mellom barnet og den vaksne ser ut. Asymmetri kan vere som ein støttande hjelperelasjon på barnet sin veg mot sjølv å bli ansvarleg vaksen. Men den vaksne kan og oppretthalde makt i relasjonen, misbruke makta og sjå eleven som ein leirklump ein sjølv kan forme og lage eit bestemt resultat av. Gjennom ei oppretthalding av makta er den vaksne orientert mot seg sjølv, og ikkje mot barnet som treng ein ansvarleg vaksen til å ta vare på relasjonen mellom dei. I den Kontinentale pedagogiske tradisjonen må utgangspunktet for den pedagogiske relasjonen vere læraren sin intensjon om å gjere det gode for eleven. Den vaksne kan gje og vise det gode til barnet. Slik tek den vaksne ansvar for den verda han eller ho formidlar til barnet gjennom oppdraging og undervisning.