Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRaunehaug, Ingrid Helene Kopperstad
dc.date.accessioned2013-11-07T09:31:39Z
dc.date.available2013-11-07T09:31:39Z
dc.date.issued2013-11-07
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/172081
dc.description.abstractSamandrag I denne masteravhandlinga er temaet ”Asymmetri i den pedagogiske relasjonen”. I studien min freister eg å vise korleis fenomenet asymmetri kjem til uttrykk gjennom eit utval lærarar sine refleksjonar. Uttrykk som finst i litteratur kjem også fram. Forskningsspørsmålet mitt er som fylgjer: Kva er asymmetri i den pedagogiske relasjonen, og korleis kjem denne kvaliteten ved relasjonen til uttrykk gjennom eit utval lærarar sin refleksjon over opplevingar i sin lærarpraksis? Forskningsspørsmålet har eg prøvd å ta tak i gjennom å nytte ei hermeneutisk fenomenologisk tilnærming. Eg har plassert meg og arbeidet mitt i den Kontinentale pedagogiske tradisjonen, der oppseding av borna er overordna undervisninga, og relasjonen mellom lærar og elev er utgangspunktet for pedagogisk tenkning og praksis. Denne tradisjonen tek utgangspunkt i ein relasjonell pedagogisk praksis som inkluderer og har fokus på oppseding av heile barnet. Mellom vaksne og born finn ein ulikheiter på mange plan. Korleis læraren eller vaksenpersonen vel å forholde seg til faktiske ulikheiter, avgjer korleis den asymmetriske relasjonen mellom barnet og den vaksne ser ut. Asymmetri kan vere som ein støttande hjelperelasjon på barnet sin veg mot sjølv å bli ansvarleg vaksen. Men den vaksne kan og oppretthalde makt i relasjonen, misbruke makta og sjå eleven som ein leirklump ein sjølv kan forme og lage eit bestemt resultat av. Gjennom ei oppretthalding av makta er den vaksne orientert mot seg sjølv, og ikkje mot barnet som treng ein ansvarleg vaksen til å ta vare på relasjonen mellom dei. I den Kontinentale pedagogiske tradisjonen må utgangspunktet for den pedagogiske relasjonen vere læraren sin intensjon om å gjere det gode for eleven. Den vaksne kan gje og vise det gode til barnet. Slik tek den vaksne ansvar for den verda han eller ho formidlar til barnet gjennom oppdraging og undervisning.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.subjectpedagogikkno_NO
dc.subjecteleverno_NO
dc.subjectlærereno_NO
dc.subjectrelasjonerno_NO
dc.subjectelev-lærer-relasjonno_NO
dc.titleAsymmetri i den pedagogiske relasjonen : uttrykk, dilemma og konsekvensarno_NO
dc.typeMaster thesisno_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Education: 280no_NO
dc.source.pagenumber133no_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel