Hørselshemma elevar og matematisk problemløysing : på kva område kan Singaporemodellen bidra til å utvikle elevane si kompetanse på dette feltet?
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/172087Utgivelsesdato
2013-10-23Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
SAMANDRAG
Problemstillinga i denne oppgåva er:
«Elevar med hørselshemming i arbeid med problemløysingsoppgåver i matematikk; på kva måte ville ei heuristisk tilnærming etter modell frå Singapore kunne bidra til å utvikle elevane sin matematiske kompetanse?»
Bakgrunnen for val av tema er forsking som viser at hørselshemma elevar presterer langt under sine høyrande medelevar i matematikk, og at problemløysing er eit av hovudvanskeområda. Denne avhandlinga har hatt som mål å sjå nærare på kva styrker og vanskar hørselshemma elevar viser i møte med matematisk problemløysing, og å vurdere om ei heuristisk tilnærming etter modell frå Singapore kan vere ein eigna undervisningsmetode. Det teoretiske grunnlaget for oppgåva tar utgangspunkt i læreplaner, generell teori om matematikkvanskar og teori om heuristiske tilnærming. Metoden som er brukt er «Interpretive Litterature Review», som inneber å få oversikt over forskingspublikasjonar om tema, og samanfatte og tolke desse opp mot kvarandre og drøfte dei i lys av aktuell teori. Kjeldene i denne studien er forsking om hørselshemma elevar frå ulike land, til saman 21 vitskaplege artiklar og forskingsrapportar, 3 doktoravhandlingar og 2 forskingsbaserte fagbøker/artikkelsamlingar. Hovudkonklusjonar i denne avhandlinga er at det fins haldepunkt i forskinga som sannsynleggjer at ei heuristisk tilnærming vil kunne bidra til ei positiv utvikling for hørselshemma elevar. Desse konklusjonane baserer seg på funn som framhevar tiltak som samsvarar med sentrale element i Singaporemodellen:
Språk og omgrep
Mentale prosesser
Ferdigheiter
Haldningar
Metakognitive ferdigheiter
Lærarkompetanse
6
Samstundes avslører studien trong for vidare forsking på dette området, det gjeld til dømes forsking på pedagogisk praksis for denne elevgruppa i Noreg, forsking på språkkode; talespråk eller teiknspråk, sin effekt på læring, og praktisk utprøving av den heuristiske modellen frå Singapore.