Literacy og integrering : språkopplæring for minoritetsspråklege vaksne med liten skulebakgrunn i lys av kritisk pedagogikk
Abstract
Oppgåva omhandlar språkopplæring for vaksne innvandrarar med særleg fokus mot deltakarar med liten skulebakgrunn frå heimlandet. Språklæring er i dag framheva som eit viktig integreringspolitisk verkemiddel. Integrering som eit fleirtydig og verdilada omgrep med ulike tilnærmingar til graden av tilpassing mellom minoritetar og majoritet vert drøfta. Literacy, som eit komplekst og mangesidig kompetanseomgrep vert brukt som ein innfallsvinkel til språkopplæringa si rolle. Oppgåva vurderer særleg på kva måte kritisk literacy er viktig som del av språkopplærings- og integreringsprosessen for minoritetsspråklege vaksne med liten skulebakgrunn.
Designet for oppgåva er kvalitativt og består av teori, litteraturstudie, og empirisk intervjumateriale frå 10 lærarar ved fire store og tre mindre vaksenopplæringssenter i Sør- Noreg. Intervjua har ei semistrukturert form med fokus på lærarane sine erfaringar og forståingar av arbeidet i språkopplæringa. Kritisk pedagogikk og hermeneutikk blir brukt som teoretisk tilnærming til oppgåva sitt tema og problemstilling.
Den teoretiske tilnærminga og empiriske undersøkinga i oppgåva understrekar vaksenopplæringa som ein viktig møte- og lærestad i eit fleirkulturelt samfunn. Undersøkinga viser varierande fokus hos informantane med omsyn til vektlegging av ferdigheitsopplæring i kombinasjon med ei kulturell og kritisk reflekterande undervisningstilnærming. Det å ha eit vaksenpedagogisk perspektiv, der det vert lagt til rette for anerkjenning og verdsetjing av deltakarane sin identitet vert understreka, samt at ei ferdigheitsundervisning også må opne for det kritisk reflekterande perspektivet.
Ei språkundervisning som arbeider for dialog og felles forståing omkring kompleksiteten og moglegheitene i dei fleirkulturelle møta, kan gi bidrag i arbeidet med å fremme integregreringsprosessar, støtta det globale medvitet og opne for ein fleirkulturell dialog. Denne kompetansen og dette medvitet bør styrkjast på alle nivå, noko som også er påpeika i sentrale overordna målsettingar nasjonalt og internasjonalt. Tilpassa undervisning, meir deltakarstyring og demokratisk tilrettelegging og fokus på ei kritisk reflekterande undervisning, kan styrkja vaksenopplæringa som ein vaksenpedagogisk og fleirkulturell institusjon.